Auka press for at Noreg skal trekke GATS-krava
Målform: Nynorsk - Dato: 13. mars 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter
I dag framla leiaren i Senterungdomen, Erlend Fuglum, eit krav om at Senterpartiet må stå fast på at Noreg skal trekke sine krav mot u-land i GATS-forhandlingane i WTO. Både SV og Senterpartiet har partiprogram som gjer det klart at GATS-krava Bondevik-regjeringa kom med ikkje var passande.
- Legg press på Arbeidarpartiet, seier Fuglum i eit intervju med Klassekampen.
Førespelet til uttalen er at Noreg har stilt seg saman med mellom andre EU, USA og Japan i krav om marknadstilgong i utviklingsland under GATS-forhandlingane (General Agreement on Trade in Services). Krava har vorte sterkt kritiserte i lang tid, mellom anna av sentrale representantar frå både SV og Senterpartiet i den tida dei var i opposisjon.
Senterungdomsleiaren viser til følgjande setning i Soria Moria-erklæringa: «Regjeringen vil legge til grunn at WTO-avtaleverket ikke må ta fra fattige land styringsrett og virkemidler som har vært viktige for å utvikle vårt eget samfunn til et velferdssamfunn».
Senterpartiet skal i nær framtid halde seminar om GATS-avtalen; viss partiet då følgjer oppmodinga frå sin eigen ungdomsorganisasjon står Arbeidarpartiet under sterkt press frå dei to andre regjeringspartia om å trekke krava.
Kjelder
rediger- Klassekampen: Vil presse AP over GATS-krav, av Espen Løkeland-Stai (13. mars 2006)