Hundre år sidan Alexander Kielland døydde

Målform: Nynorsk - Dato: 6. april 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Alexander Kielland
Norge

Norge: I dag er det hundre år sidan den norske forfattaren Alexander Lange Kielland døydde.

Kielland var rekna som ein av dei fire store norske forfattarane i Noreg på 1800-talet. Han vart fødd 18. februar 1849 i Stavanger og døydde 6. april 1906 i Bergen. Saman med Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson og Jonas Lie vert han rekna som ein av «dei fire store» i norsk litteratur.

Han tilhøyrde ei av dei eldste handelsslektene i Stavanger, slekta Kielland. I oppveksten var han del av ein av dei mest velståande heimane i byen. Som gut gjekk han på Stavanger Katedralskole. Han likte seg dårleg på skulen, trass i at han var skuleflink. Han utdanna seg til jurist, og kjøpte eit teglverk på Madla ved Stavanger som han dreiv til 1881. I denne tida fekk han god kjennskap til praktisk forretningsliv. I tillegg fekk han eit innblikk i arbeidarane sine vanskelege levekår.

Kielland debuterte i 1879 med Novelletter, ei samling av korte noveller. Året etter skreiv han sin fyrste roman, Garman & Worse. Han skreiv i ein realistisk, samfunnskritisk stil, og kritiserte autoritetar i samfunnet. I Skipper Worse (1882) gjekk han til åtak på religiøs fanatisme, og i Gift (1883) kritiserte han skuleverket og kyrkja. I tilleg kom han inn på tema som embetsstand, ekteskap og klasseskilje.

Frå 1893 til 1902 var Kielland borgermeister i Stavanger. Kielland fekk i september 1902 embetet som amtmann i Romsdal amt, med hovudsete i Molde. Mellom anna skreiv han fleire rapportar etter bybrannen i Ålesund i 1904. Han sat i embetet til han døydde i 1906.

Målarinna Kitty Kielland var systera til Alexander Kielland. Forfattaren og journalisten Axel Kielland var barnebarn av Alexander Kielland.

Les meir