Hushovd i dramatisk målspurt

Målform: Nynorsk - Dato: 2. juli 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Den norske Credite Agricole-ryttaren Thor Hushovd vart i dag hardt skadd i ein dramatisk massespurt ved første etappen av Tour de France

Etter å ha vunne Tour de France-prologen i går satsa den norske Credite Agricole-ryttaren Thor Hushovd alt for å behalde den gule ledartrøya. CA låg heile tida framme i hovudfeltet for å ta igjen utbrytargruppa på sju, som tidleg reiste ifrå. Like før målgang var Hushovd godt plassert framme i feltet saman med hjelperyttaren Julian Dean, men vart så pressa til sida der ei publikumshandske av papp slo Hushovd til blods i høgrearmen. Etter å ha fullført på ein skuffande 9.plass la Hushovd seg ned på bakken der funksjonærar etterkvart fekk starta medisinsk behandling før han vart frakta vekk i ambulanse.

Sjefslege i Tour de France, Gerard Porte seier at Thor Hushovd fekk seg eit kutt og måtte sy, men kan sannsynlegvis sykle når andre etappe startar i morgon.

Kjelder