KrF stoppar julebordsfylla i Nordens Ibiza

Målform: Nynorsk - Dato: 22. november 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Bergen

Bergen: Tidlegare denne veka kunne vi lese at TV-kanalen Travel Channel kalla Bergen for Nordens Ibiza, og viste til fulle ungdomar som slæst i gatene. Fylkesleiar i KrF, Kristian Helland reagerte kraftig og krev strakstiltak mot julebordsfylla. Han vil mellom anna innføre kortare skjenketid.

- Me har i lang tid no sett ei utvikling i Bergen sentrum som ingen av innbyggarane i byen set noka særleg pris på, seier Helland til Studentnyhenda torsdag.- Det er óg sånn at reiselivsdirektøren synes det er pinleg for turistane som vitjar Bergen, og prøvar difor å halde dei vekke frå sentrum utpå kvelds- og nattestid. Og sånn kan vi ikkje ha det her i denne byen.

Vil stogge serveringa klokka eitt rediger

- Det er jo ingen hemmelegheit at KrF i Bergen i all tid har ønska seg at vi skulle avslutte skjenkinga tidlegare på kvelden. Skulle KrF fått sitt ønske gjennom, noko som nok ikkje er so enkelt – ville vi nok stoppa skjenkinga rundt 01:00.

Denne artikkelen har òg vorte publisert gjennom Studentradioen i Bergen