Magazinet-redaktør beklagar trykking av Muhammed-karikaturene

Det vert hevda at artikkelen inneheld faktafeil. Sjå diskusjonssida for meir informasjon.


Målform: Nynorsk - Dato: 10. februar 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter
Norge: Redaktøren for den norske vekeavisa Magazinet, Vebjørn Selbekk, beklagar trykkinga av karikaturteikningane av profeten Muhammed overfor alle muslimar på ein pressekonferanse i dag.

Under ein pressekonferanse innkalla av arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen fredag 10. februar, beklaga Selbekk at han hadde såra muslimar og deira tru, og meinte dei norske muslimane hadde takla situasjonen bra. Leiaren for Islamsk råd i Noreg, Mohammad Hamdan, tok Selbekk under sitt vern, og sa at Muhammed meinte at den beste personen var den som angra.

Kjelder

rediger