Verdshelsedagen 2006

Målform: Nynorsk - Dato: 7. april 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter
I dag markerar dei Sameinte Nasjonane (SN/FN) Verdshelsedagen 2006. Dagen skal nyttast til å markere mangelen på legar og anna helsepersonell rundt om i verda.

«I dag ser vi ein kronisk global mangel på helsepersonell som resultat av tiår med alt for låg investering i utdanning, opplæring, lønningar, arbeidsmiljø og administrasjon innan helsevesenet. Det her har leia til ein enorm mangel på grunnleggande kompetanse, aukande byting frå helse- og omsorgsyrke til andre yrke og tidleg pensjonering, i tillegg til migrasjon av helsepersonell både innan og mellom nasjonane.»
Det skriv assisterande direktør-general i Verdshelseorganisasjonen, Dr Tim Evans i ein uttale på nettstaden til organisasjonen.

Han viser til at Afrika sør for Sahara, som er råka hardt av HIV/Aids-pandemien, berre har om lag 750 000 helsearbeidarar, delt på om lag 682 milliardar menneske. Til samanlikning er det ti til femten gongar fleire helsearbeidarar per person i eit gjennomsnittleg OECD-land. Men det er ikkje berre fryd og gaman der heller; den stadige aldringa av folkesetnaden i Vesten påfører helsepersonell i regionen meir og meir arbeid.

Kjelder