Fyrste palestinske val på ti år
Målform: Nynorsk - Dato: 25. januar 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter
- 17. feb. 2025: Åslaug Haga går av som Sp-leder neste år
- 17. feb. 2025: Økning av volden i Algerie
- 17. feb. 2025: Politiets sikkerhetstjeneste forhindrer etterforskning mot krigsforbrytere
- 17. feb. 2025: Chavez får stille som kandidat ved nye presidentvalg
- 17. feb. 2025: Representantenes hus i USA stemmer for helsereformen

Foto: Executive Office of the President of the United States

Foto: Agência Brasil

Palestina: Om lag 1,5 millionar palestinarar røystar i det fyrste palestinske valet på ti år. Den militante palestinske gruppa Hamas vert forventa å få mange røyster, som inneber at valet vert ei prøving for Fatah, det partiet som har dominert det politiske livet i fleire tiår.
Eit stort antal palestinske politimenn overvakar valet, trass i at militante har sagt at dei ikkje kjem til å angripe vallokala.
Aust i Jerusalem får berre 6 300 av palestiniarane røyste, dei andre 100 000 tvingast til å forlate staden for å oppsøke eit vallokale utanfor bygrensene.
BBC sin reportar i Gaza fortel korleis Hamas sine aktivistar har samlast i store mengder utanfor vallokale for å ynskje veljarane velkomne. Ein veljar oppgav att han skulle røyste på Hamas ettersom han var lei av korrupsjon: - Med religiøse menneske kjem skattepengane i det minste i reine hender.
Leiaren i Palestina, Mahmoud Abbas, sa i ein uttale at han lova å sjå til at valet vart framgongsrikt og att det vart gjennomført «fritt och ærleg».
Den konstituerte statsministeren i Israel, Ehud Olmert, kalla valet for historisk og oppfordra veljarane til å ikkje kaste vekk røystene sine på «ekstremistar» – med tydleg tilvising til Hamas.
Hamas har vorte stempla som ei terroristgruppe i Israel, USA og Europa og når no organisasjonen ser ut til å få nesten like mange røyster som Fatah, skaper det uro blant mange.
Mange palestinarar røystar på Hamas ettersom dei er leie av den ineffektiviteten og korrupsjonen som dei assosierer med Fatah.
|
Relaterte nyhende
redigerKjelder
redigerDenne nyhetssaken er en hel eller delvis oversettelse av «Första palestinska valet på tio år», fra Wikinytt på svensk , versjonen fra januar 2008 {{{4}}}. |