Ungarn avgrensar jobb-innvandring
Målform: Nynorsk - Dato: 22. desember 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter
- 15. aug. 2016: Presidentvalget i USA: Hillary har trukket seg
- 15. aug. 2016: Irak får ny regjering
- 15. aug. 2016: Ingen enighet mellom Norge, Færøyene og EU
- 15. aug. 2016: Vestfløyen av det kvite huset evakuert
- 15. aug. 2016: Frp 6 % større enn Ap
Ungarn: Ungarn vert det første av dei nyaste EU-landa som innfører restriksjonar på arbeidsinnvandring, lik dei restriksjonane som har vorte innførte i deler av Vest-Europa med EU-utvidinga. Ungarske styresmakter har tidlegare kritisert Vest-Europeiske land for å avgrense den frie arbeidsmarknaden i unionen.
Restriksjonane vert retta mot Romania og Bulgaria, som trer inn i EU frå 1. januar. Av dei «gamle» medlemslanda kjem Sverige og Finland ikkje til å innføre restriksjonar, medan Spania, Storbritannia, Hellas, Tyskland, Frankrike, Austerrike, Nederland og Danmark skal innføre eit kvotesystem.[1]
Budapest har uttala at dei skal halde kanalane opne for arbeidsinnvandring innafor helse, byggeverksemd og tekstilindustri, der Ungarn manglar arbeidarar [2]
Restriksjonane i Ungarn skal i første omgang gjelde frå 2007 til 2008. [3]