Valnederlag for Thaksin i Thailand

Målform: Nynorsk - Dato: 3. april 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter


Thailand
Det thailandske flagget

Thailand: Dei førebelse resultata av røysteteljinga etter valet i Thailand tyder på at statsminister Thaksin Shinawatra ikkje får den overtydande valsigeren han treng for å ende uroa i landet. Opposisjonen har boikotta valet i protest mot regjeringa.

Sidan det er påbode å røyste i Thailand, ser det ut til at opposisjonen har lukkast i å samle meir stønad enn statsministeren. Det er fleire som har røysta blankt enn dei som har røysta på statsministeren.

Thaksin utlyste nyvalet for å få slutt på protestane mot han sjølv og den politiske ustabiliteten i landet. Men resultatet som føreligg so langt vil truleg ikkje framstå som eit breitt mandat til å styre landet.

I hovudstaden Bangkok var talet på blanke røyster fleire enn røyster for statsministeren i minst 27 av dei 36 valdistrikta i byen. Liknande tal har vorte presenterte for dei muslimsk-dominerte sørlege delane av landet.

Det er i rurale områder nord i landet at Thaksin tradisjonelt sett har hatt størst oppslutnad, og her viser det seg at han framleis er populær.

Thaksin eller ingenting

I fleire delar av landet har innbyggjarane berre kunna valt mellom regjeringspartiet, Thai Rak Thai eller ingenting. Grunna den breie boikotten av valet har Thai Rak Thais vore det einaste partiet som har stilt kandidatar i mange valdistrikt. I det sørlege Thailand ser det ut til at fleire av desse kandidatane ikkje har klart å oppnå dei 20 prosent røystene i valdistriktet som er naudsynte for å ha rett på ein plass i parlamentet.

Eit sannsynleg utfall av valet kan, i følgje thailandsk media, vere at Thaksin vert nøydd til å seie frå seg statsministerposten til nokon andre i den sitjande regjeringa. Statsministeren har uttalt at han vurderar å trekkje seg.

Valet i Thailand har i hovudsak vore fredleg, trass i at tre bomber vart detonerte inntil vallokale i Sør-Thailand og skada minst fem personar. Sør-Thailand har lenge vore prega av uro.


Kjelder